VITJINGAR
Three Column CSS Layout

Turlaget vitjar Haugstad



























Unge føter på gammal gard



Kva med å la den nye tida møta den gamle?
Det var ideen bak ein litt spesiell skuletur sjuandeklassane ved Tangen skule gjennomførte no i haust.

I luftlinje
er det mindre enn to kilometer frå Farnes til dei nærmaste gardane i Nundalen. Avstanden frå bilveg i Seimsdalen er heller ikkje avskrekkande. Likevel har berre eit fåtal av dagens årdøler gjesta dette unike dalføret som har vore utan fast busetnad i snart femti år. I fellesskap syter Årdalsvatnet og det stupbratte Søtholberget for at Nundalen i dag mest er ein stad for jegerar, samt ein og annan fotturist på jakt etter opplevingar utanfor allfarveg.

Kanskje var det interessa
for jakt som fekk friluftsmannen Vidar Moen til først å kasta augo sine på Nundalen. Saman med andre eldsjeler i Stiftinga Nundalen er han i dag er i ferd med å restaurera garden Haugstad, ein gong den staselegaste av dei rundt ti større og mindre bruka i dalen. Her satsar dei på å berga det som bergast kan av bygningar sterkt prega av alderdom og vestlandsk uver og vind.

Få eller ingen veit meir
om Nundalen enn Vidar Moen. Dessutan er han av dei som har vanskeleg for å seia nei. Derfor er han eit sjølvsagt val som kjentmann og turleiar når 7b ved Tangen skule har sett seg ut dalen som mål for haustens overnattingstur. Opplegget er enkelt, foreldreskyss med bil til Torli, deretter til fots via Sjursete til Haugstad og overnatting der. Neste dag står utforsking av gamle bygningar på programmet, før ferda går vidare ned dalen til Årdalsvatnet. Der ventar etter planen ein lekter, ganske nyleg innkjøpt frå Hydro av Stiftinga Nundalen, og i strålande haustsol skal denne litt uvanlege turbåten frakta elevar og leiarar tilbake til Tangen og sivilisasjonen.

Vêret
sviktar oss ikkje, finare enn dette kan ein ikkje få det! Det er alle einige om der turen går i roleg tempo innetter myrene nord for Sjursettjørni. Ein ny, spennande leik vert introdusert; kven fangar flest frosk? Sandra prøver seg med ein kyss, men ingen prins dukkar opp. Ja, ja, kanskje neste gong…

Dei vaksne er
opptekne av ganske andre ting. Korleis vil tolvåringane oppleva å komma til eit Årdal så heilt annleis enn det dei kjenner frå sin kvardag? Vil dei oppleva høgtid i møtet med ei grend der tida på sett og vis stogga midt i førre hundreåret? Eller er turen berre eit greitt alternativ til keisame skuledagar, men ikkje noko meir enn det? Tida vil gje svar.

Møtet med Haugstad gard går stilt føre seg.
Elevane veit det alle årdøler veit, at i Nundalen er det hoggormen som rår, og snik seg lik lydlause indianarar gjennom det høge graset. Men ormen er ikkje der han i følgje Vidar Moen skal vera, og snart er han gløymd. No er det Haugstad som skal utforskast, og her er det mykje interessant for nysgjerrige ungdommar.
"Kvar budde Nundalsmordaren?" er spørsmålet alle vil ha svar på. For kven har vel ikkje høyrt om Botolv Nundal, 24-åringen som tok livet av fehandlaren Eirik Høyheim ein maidag i 1817, som vart dømd til livsvarig slavearbeid på Bergenhus, men aldri sona, og som sidan har vore Nundalen sin einaste kjendis, og vel også ansvarleg for at namnet Botolv knapt har vore i bruk i bygda etter det.

Om Botolv Nundal
får elevane vita meir ved samlingsstunda inne på Haugstad seinare på kvelden. Huset er bygd opp att mest mogleg likt eitt som tidlegare stod på tuftene, men nye tømmerveggar legg ingen dempar på uhyggesstemninga. Tolvåringane sluker alt det nye og rare Vidar Moen har å fortelja. Ikkje berre om Botolv og alle dei som hevda dei såg han etter at han på så forunderleg vis mista livet, like spennande er det å høyra korleis folk hadde det i Nundalen og i bygda vår elles i farne tider. Kanskje engasjerer det like mykje som historia om huset som vart flytt til Tretteteig frå Vikadalen fordi det spøkte slik der. Dessverre følgde spøkelsa, minst to var det visst, med på lasset…

Natta
hoppar vi stilt over, enda om det kanskje ikkje er heilt stilt heile natta. Iallfall er det utruleg få som må ut i nødvendige ærend i tussmørkret. Redsla for å treffa Botolv Nundal på veg over tunet i haustnatta er nok stor. Marius tek sjansen, men må ha læraren med seg. Og den nybygde doen lokkar ingen. Der finst inga dør!

Det er vanskeleg
å unngå å bli gripen når ein går inn i ein av dei mange bygningane på Haugstad, eller på kva som helst bruk i Nundalen, for den saks skuld. Mangt og mykje ligg att etter dei som budde her, og gjev stumme vitnemål om ei tid som er forbi. Møblane står som dei stod for eit halvt hundre år sidan. På veggane heng familiebilete og enkle måleri med religiøse motiv. Eit bilete av ein ung Elvis over ei seng på Andersgarden minner om at det faktisk ikkje er så lenge sidan dei som budde her tok med seg det aller nødvendigaste og flytta til Farnes og nytt liv. Forfallet til tross kan ein bli lokka til å tru at folka på garden berre er ute eit lite ærend, og at dei snart kjem att. Ein kjenner seg som den inntrengjaren ein faktisk er, og går stilt ut.

Eit skilt på
Haugstad fortel at her har det vore telefonsentral, eit poeng blaserte ungdommar med mobilen i lomma tek seg tid til å fundera over. Dei let seg òg imponera av uthusbygningen med den fantastiske grunnmuren, kanskje den mest bortgøymde attraksjonen i bygda vår. Bogegangane i romersk stil er synlege heilt nede frå Raussnessvingane om ein slakkar aldri så lite på farten. Saman med dei tre stovehusa rammar låven inn eit bratt, men triveleg tun, med god utsikt over dalen og vatnet.

Korkje sjuandeklassingane
eller dei litt eldre har noko imot at stien ned dalen viser seg å vera betre enn frykta. Vidar Moen kan fortelja at dette lenge berre var ein bratt og dårleg sti, og at beste vegen låg på vestsida av dalen. Men etter at eit voldsomt uvêr i 1873 hadde ført til store øydeleggingar, vart det løyvd tilskot til opparbeiding av sledeveg i Nundalen. Pengar kom både frå kommunen og frå eit skredefond som vart etablert i samband med naturskadane. Dermed fekk nundølene veg av såpass god standard at Stiftinga Nundalen i dag kan planleggja innkjøp av jernhest til å frakta nødvendig utstyr opp dalen. Eit paradoks med tanke på at det nettopp var mangelen på vegsamband som førte til at bygda vart avfolka.

Så mange elevar
er det lenge sidan det har vore i den gamle skulestova på Andersgarden. Det var her skulen heldt til den siste tida, fram til han vart nedlagd for godt midt på femtitalet. Og det var faktisk på høg tid, for ikkje lenge etter kom ein kjempestein ovanfrå fjellet og la seg til ro midt i skulestova. Her ligg han enno, mellom plansjar, gulna kart og gamle skulebenkar, og her vert han vel liggande til evig tid. Vidar fortel om lærarar som har arbeidd her, om Hermann Haugstad, eller Klaffe-Hermann som bygdefolket kalla han, og ikkje minst Johannes "Jahas" Bondevik som var her ei kort tid. Det vekkjer ei viss undring då det vert klart at det er far til sjølvaste statsministeren som har svinga peikestokken i dette vesle skulerommet.

Det har vore ein flott
sommar på Vestlandet. Derfor er temperaturen i Årdalsvatnet litt mindre arktisk enn vanleg, og dei tøffaste gutane vassar i strandkanten. Beundrande blikk frå eit par jenter lokkar dei litt lengre ut, men snart er det slutt på badinga. Lekteren med Roger Jensen til rors nærmar seg land med to knops fart, og snart er det klart for båttur på Årdalsvatnet i godvêret. At lekteren eigentleg er bygd for heilt andre føremål enn frakt av passasjerar, spelar inga rolle, flottare cruiseskip er ikkje å få. Og den som trur han har sett alt Årdalsvatnet har å by på ved å rasa langs riksveg 53, må berre tru om att! Skipper Jensen tek ein elegant piruett innunder Bøttejuvet for verkeleg å la passasjerane sine nyta den dramatiske vestlandsnaturen.

Det er stilt om bord.
Eirik nyttar høvet til å ta att litt søvn, dei andre pratar lågmælt saman og nyt turen og landskapet. Ein god time tek det, så klappar lekteren til kai i Hæreidsvassbugen og turen er over.

"Og så var alle samde om at det hadde vore ein fin tur."
Ein klisjé, sjølvsagt , men like fullt sant, skal ein tru det elevane seinare gjev uttrykk for. I løpet av eit par korte dagar har dei opplevd glimt av ei verd og ei tid dei knapt visste eksisterte, ikkje langt borte frå si eiga stovedør. Ei slik historieundervisning kan korkje filmar, lærebøker eller museumsbesøk konkurrera med. Det er grunn til å tru at både tolvåringar og vaksne reiser iallfall litt rikare heim.

Bjarne Havro
.

ELG

Latin: Alces alces
Engelsk: Moose
Tysk: Elch













Vulpes vulpes