Nundalen miljøpark
ÅRSMELDINGAR
Three Column CSS Layout

Årsmelding 2002

STYRESAMANSETTING FOR ÅR 2002
Leiar: Vidar Moen Nestleiar/sekretær: Vidar Sylvarnes
Styremedlem: Harald Yndestad Styremedlem: Steinar Frosta


TILSTELLINGAR:
Klasse 7a og b
16 - 17 og 18 - 19 September hadde klasse 7a og b ved tangen skule tur over Sjurseter til Haugstad gard, der dei overnatta. Turane gjekk vidare ned dalen og avslutta med lektartur over Årdalsvatnet ned til Årdalstangen.

ARBEID
Arbeidet har i år som tidlegare vert å ferdigstille Daglegstova innvendig.
Det er utført totalt 279 dugnadstimar i dalen, fordelt på 12 personar.

Dugnad
Det er søkt midlar til 2003 for gjenopptaking av sledevegen ned til vatnet, innkjøp av jernhest og slåmaskin.

JAKT

Hjort: På våren vart det funne 8 dyr omkomme som resultat av svolt. Det var kontakt med Norsk Vetrinær instetutt og Norsk Hjortesenter som begge kunne stadfeste det same. Under jakta vart felt ein bukk på 3,5 år.

Rein: Det vart felt ei simle på 2 ½ år.

Årsoppgjøret er avlagt under forutsetning av forsatt drift.
Verksemda er ein organisasjon uten profittformål. Selskapet har ingen ansatte.
Selskapet forurenser ikkje det ytre miljø.

Årdalstangen 30. juni 2002.
For Styret
Vidar Moen
Leiar


Årsmelding 2003

Styresamansetting for år 2003
Leiar: Vidar Moen Nestleiar/sekretær: Vidar Sylvarnes
Styremedlem: Harald Yndestad Styremedlem: Steinar Frosta

TILSTELNINGAR
I samband med Nasjonalparkfestivalen 2003 vart det arrangert tur til Nundalen laurdag 24. mai. Opphavleg skulle turen ha gått frå Seimsdalen, men på grunn av snøforholda på Sjursete, vart turen lagd om. Det starta med buss frå Øvre Årdal kl. 09.45, til Årdalstangen, og fram til "Lekteren" som hadde med 43 personar til Nundalen. Sju av desse var med i arrangementsstaben.
I høve eit mini slektsstemne med etterkomarar frå Henrik Ola garden og Haugstad var det samling på Haugstad

TILTAK I 2003
Sledeveg Torpen - Årdalsvatnet. Arbeidet i år har vore gjennopptaking av den gamle sledevegen frå Torpen og ned til vatnet. Til dette arbeidet leigde vi inn Olav Birger Hæreid. Gravemaskina vart demontert og frakta opp til Haugstad med helikopter, der vart den montert saman.

Det vart drenert rundt alle husa på Haugstad, laga tilkomst til utedoen. Vidare vart den gamle sledevegen restaurert og laga ny der den var sigen ut eller fjerna av ras. Vegen framstår no som ny frå Torpen og ned til Årdalsvatnet.

Stell av kultur-mark / minner
Gjennom tilskot frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og god avtale med Eik senteret i Sogndal og Johnsered Norge kunne vi kjøpe ein "Jernhest". Jernhesten har vore til stor hjelp i restaureringen av sledevegen, rydding av tre og ikkje minst under slotten på Haugstad. Det øverste jordet er slege og alt gras er køyrt vekk med Jernhesten til rydningsrøyser.
Hjå Hydro Aluminium i Årdal fekk me slåmaskin med ekstra sett kniv, svans og stålhjular. Det gjorde det mogeleg å gjennomføra slåtten i år og er starten på stell av tidlegare innmark på nokre av gardane i Nundalen.

Opning av Nundalsgranden. Område rundt nausta nede ved årdalsvatnet vart rydda og gjort tilgjengeleg. Krattskogen er fjerna og nausta er gjort synlege mot vatnet.

Daglegstova Arbeidet har i år som tidlegare vert å ferdigstille Daglegstova innvendig. Inngangspartiet er kledd og det er laga matskap. All stilase rundt huset er fjerna, det er rydda rundt huset og den gamle hagen i fronten. Tunet på Haugstad framstår etterkvart slik som det var då det var bebudd.
I tillegg til innleige er det er utført totalt 433 dugnadstimar i dalen, fordelt på 14 personar, med ein berekna verdi på kr: 107,- pr. time utgjer dette kr: 71.732,-

Flott omtale
Oddgeir Bruaset har gitt ut boka "Eg bur på ein plass der ingen skulle tru at nokon ville bu, i sogn." Her har Nundalen og Haugstad fått flott og mykje omtale.

ØKONOMI
Tilskot:
Det er søkt midlar til 2003 for gjennopptaking av sledevegen ned til vatnet, innkjøp av jernhest og slåmaskin for bruk til opparbeiding og stell av kulturmark i Nundalen.
Det er frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tildelt kr: 50.000,- til tiltaka i Nundalen for 2003

Andre inntekter:
Utleige av hus ifm. slektstreff kr 300,- Utgifter:

JAKT
Jakta er forbeholdt dei som gjer dugnadsarbeidet i dalen. min. 50 timar innsats i dalen. Det var tildelt 2 frie og eit kalveløyve

Hjort:
Det vart felt to bukkar: vaksen bukk på 80 kg og ein 1,5 åring på 60 kg

Rein:
Tildelt eit kort på simle / ungdyr. Det vart ikkje felt rein i år.

Årsoppgjøret er avlagt under forutsetning av fortsatt drift.
Verksemda er ein organisasjon uten profittformål.
Selskapet har ingen ansatte.
Selskapet forurenser ikkje det ytre miljø.

Takk til gåve og bidrag frå:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hydro Aluminium Årdal, Eik Senteret i Sogndal, Johnsered Norge og Olav O. Hæreid & Sønn AS.

Takk for dugnadsinnsats frå:
Arvid Solheim, Roger og Sindre Jensen, Vebjørn og Tor Valaker, Bjarte, Eivind og Frode Lægreid, Vidar, Heidi, Thomas, Ola og Julian Moen, Gunnar Nyhus og Olav Birger Hæreid

Årdalstangen 30. juni 2002.
For Styret
Vidar Moen
Leiar

Våre føremål

Miljøstifting for miljø, kultur og friluftsliv.

Selskapet driv med restaurering av eldre byggingsmasse i Nundalen, Årdal Kommune


Stiftinga har til føremål å tilrettelegga Nundalen til eit rekreasjonsområde for ålmenta.

Stiftinga ynskjer å bevare delar av bygningsmiljøet i dalen og å setta det i ein slik stand at bygningar og omkringliggande miljø kan bevarast for ettertida.


Ein skal ta omsyn til utviklinga av dyrelivet i dalen i samarbeid med:


Årdal Jeger og Fiskerforening (ÅJFF) og Viltforvaltninga .