HAGEN
Three Column CSS Layout

Brukarar



1. Lasse Hermundsson Nundal

2. Botolv Johannesson Nundal

3. Mons Aslaksson Torpen

4. Anfinn Trondsson Ekra



Kilde: Bygdebok for Årdal, slektsbandet




















er garden som ligg nedafor Haugstad



I 1801 budde skreddar Lasse Hermundsson Nundal (Haugstad) på Hagen.
Han var det ein då kalla "Jordlaus Husmann".
Begge sønene hans døydde tidleg slik at han sa frå seg plassen til fordel for Botolv Johannesson Nundal.

Avtalen var at han skulle gifta seg med dotter til Lasse, med han heldt ikkje ord, og gifte seg med Gurid frå Eldegard.

Botolv vart sidan skulda for å ha drepe ein bonde i frå Luster.I 1817 fann ein liket ved Dyreberg. Botolv vart dømt til å arbeida på Bergen hus på livstid, han sona aldri ein dag. I fjølge rykta kjøpte Botolv seg fri med å gje sorenskrivaren ein okse.

I 1831 gjekk det til slutt gale for Botolv. Då vart han treft av ei steinhelle som kom farande nedetter fjellsida. Han såg hella koma men greidde ikkje å springa unna. Botolv døydde 38 år gammal og var barnlaus.

På folkemunne heitte det at "Storemannen" hadde nådd syndaren...
Den siste som budde i Nundalen var Johanna, ho vart tvangsflytta ut av dalen då øvrigheita meinte at det var uforsvarleg å bu der åleine. Ho flytta ut våren 1961 og døyde i 1987 på Årdal sjukeheim.


Ill: bn

FAKTABOKS


Om lauvsanking - Alm, lind, ask og selje
Alm, lind, ask og selje vart styvde 2-3 m over bakken, og snauhogne for greiner så berre stomnen stod att.

Då tala folk om ein "stuv". Etterpå fekk desse treslaga ein rik krans av greiner frå sovande knuppar på stomnen.
Her ser det ut til at det er hovudstomnen som har lettast for å setja nye skot…

Fjellbjørk
Fjellbjørk eller liabjørk vert ofte lauva på ein måte som er ein mellomting av styving - slik som på alm, lind o.a., og krunetynning på låglandsbjørk…

Nevertak
I denne samanheng kan nemnast at det var fjellbjørka som gav never til torvtaka i bygdene.
På låglandsbjørka som hadde sprokken bork på nedste luten av stomnen, kunne ein ikkje ta never. For 100 år sidan hadde om lag alle hus i bygda nevertak, og dessutan selde bøndene never til kystbygdene. Etter ein statistikk av Bøyesen for 1820 leverte Årdal det året 600 våger never til sal (1 våg = 18 kg).

Så hard var denne drifta at kvar einaste li i bygda vart hausta…
Det ser ut til at folk var klår over den skade neverflekkinga gjorde alt i oldtida.
Gulatingslova forbaud såleis leiglendingar å flekkja never til sal utan dei trong kjøpa salt.

Fjellbjørka gav dessutan bork til barking av ler og skinn. Men borken kunne dei berre ta i samband med vedhogster.
Både never og bork flekte ein tidleg på sommaren når sevja steig på det beste i trea…


Kilde: Hæreid, Erik og Sagen, Olav:"Hjelpefôr frå skog og fjøre",Bygdebok for Årdal, band 1 (side 361 ff),
Årdal sogelag 1971 & Ve, Søren: Bonden, buskapen og skogen i gamle Vestlandsbygder,særtrykk av Tidsskrift for skogbruk, Oslo 1941]

Utbedring av vegen



Ein mann og hans redskap
Olav Birger Hæreid
foto: Arvid Solheim