GRUVA
Three Column CSS Layout
Brukarar:
År: 1700:Friderik von Gabel & Heinrich Blat
År: 1708: Kong Fredrik

Miljøstiftinga Nundalen


Straffearbeid
1721 vart Ola Hansson frå Grima dømd til ei stor bot og straffarbeid ved Årdal Koparverk fordi han hadde fått barn med kona si Dorte Knutsdotter.
Ho var spedalsk, og tok av den grunn livet av barnet.

Ho hevda at Ola hadde talt henne til å drepe, men Ola blånekta. Men han vedgjekk farskapet, og for det vart han dømd.



Kremmarhandel & Gjestegiveri
Då koparverket starta opp i Øvre Årdal, var det nokre som byrja med kremmarhandel og gjestgiveri.
Med bergverksdrifta kom det ein del nye folk til bygda.

Peder Andersson Rønnei var den fyrste handelsmannen og gjestgjevaren på Farnes.
Han var fødd om lag 1674 og var av såkalla godt folk.
Bestefaren var futen Christen Anderssen av Heiberg-ætta, og faren var stor jordeigar på Rånnøy i Luster.

I 1710 kom Rønnei til Farnes og starta med krambu og gjestgiveri. Året etter hadde han sett seg opp nytt stovehus, dette måtte han snart etter pantsetje.
Noko særleg lønsam vart nok ikkje verksemda til Peder Rønnei.
Men han eigde ei tid ein part i garden Nundal. I 1739 døydde Peder Rønnei.

Vilken Pedersen, son til Peder Rønnei, heldt fram med krambua og gjestgiveriet som faren hadde starta på Farnes.
Men han gav opp etter ei tid, kring 1750, og kjøpte seg ein part i garden Hestetun.

Det skulle no gå 115 år før det på nytt vart drive handel på Farnes.










Årdal Koparverk
Ein junidag i 1700 var to årdalsbønder på reinsdyrjakt i fjellet mellom Seimsdalen og Fardalen. Oppe på Grøndalsfjellet, godt 1500 m o.h, la dei merke til noko stein som skilde seg ut frå steinen elles i fjellet. Dei hadde funne koparerts. Dette funnet vart opptakten til koparverket i Årdal. Med nokre avbrot var det gruvedrift i bygda fram til 1767.

Den fyrste tida
Dei fyrste åra var det mykje strid om kven som hadde rettane til å utvinna koparmalmen. I samsvar med tidas økonomiske prinsipp støtta kongemakta bergverksnæringa med store privilegium, og engasjerte seg og ofte direkte i drifta. Kong Fredrik 4. vart alt tidleg orientert om funna i Årdal, men valde då ikkje å gå i gang med bergverksdrift. Dermed låg alt ope for andre interessentar, som visestatthaldaren Friedrich von Gabel og politimeisteren i Bergen, Heinrich Blatt. I fleire år var det strid og rettssaker om retten til å driva gruvene i Årdal. Drift pågjekk likevel medan dei krangla, og i 1707 var det såleis heilårsdrift med om lag 60 mann.

Kongen tek over
Skipinga av verket i Årdal må sjåast i samanheng med denne store interessa for å få i gang bergverksdrift. Kong Fredrik følgde nøye med i utviklinga i Årdal, og vart serleg interessert i 1705, då det vart funne spor av gull i malmen. Funn av gull og sølv vart sett på som 'kongeleg regale'. Ein kommisjon vurderte gullfunna i Årdal som lovande, og det enda med at kongen kjøpte alle rettane og overtok bergverket for 37 631 riksdalar i 1708. Då var 5 gruver i drift i Årdals-fjella. Høgste gruva låg på 1510 meter over havet. Det vart no drift i gruvene mest samanhengande fram til 1734.


(Teikning © Riksarkivet)
Folk frå heile landet
Folk frå mange kantar av landet kom til Årdal desse åra. I eit manntal frå 1714 finn vi 39 arbeidarar ved verket. Arbeidsstokken låg elles jamnt kring 50-60. Av dei 39 i 1714 er 3 understigarar, 28 sprengarar, 4 kolbrennararar og 4 dagarbeidarar. Få årdøler deltok i gruvearbeidet. Berre 4 av arbeidarane i 1714 var fødde i Årdal. Elles var det fleire frå Røros, truleg slike som hadde arbeidd på koparverket der.

Konfliktar med bønder og allmuge
Bøndene hadde før hatt fridom til å selja tømmer og ved til kven dei ville. No vart dei tvungne til å levera til verket, til prisar ofte fastsett av overbergamtet. Dermed vart det eit stort inngrep i bøndene sin råderett over eigen eigedom. Garden Midtun vart såleis overteken av kongen. Bøndene i Årdal merka elles verket sine privilegium på ymse vis. Dei vart mellom anna pålagde å køyra ned malm frå fjellet, noko dei var lite viljuge til. I ein resolusjon i 1720 slo kongen fast at koparverket hadde einerett til å nytta alle skogane i Årdal, mellom anna til setteved. Vanleg tømmerhogst og sagbruksdrift vart ikkje lenger tillatt.
Bøndene i Øvstetun, Hestetun og Øyri skreiv i 1720 klagebrev til kongen om den skade husdyra til verksarbeidarane gjorde på gardane deira. Det var skadar på beite, lauvskog og risskog. Bøndene klaga og over at vegar og stigar vart øydelagde.

Fyll og slagsmål
Bergverksarbeidarane vart, i motsetnad til bøndene, stilt utanfor det ordinære rettsapparatet. Diverre er rettsprotokollane til verket komne bort, så vi veit ikkje korleis rettstilhøva var. Større saker, som drap, vart likevel handsama av dei sivile domstolane. Vi kjenner til fleire slike drap. Fyll og slagsmål var ikkje uvanleg mellom arbeidarane. I 1720 sette 4 arbeidarkoner fram ei klage over tilhøva.

Her er eit utdrag av klagen:
"Vi undertegnede fattige bergarbeideres kvinder her ved Årdals kobberverk er høyligen nødsaget at beklage os for de høye og velædle herrer, hvorledes en del løse kvindepersoner kommer strippendes fra Bergen og her ind til stedet med adskillig høkkeri. Fornemmelig er drikkevarer såsom brendevin det meste, de med sig bringer. Hvormed de lokker og forfører vore fattige mænd som på verket arbeider at komme ind til dennem i deres hytter og huler at smage og prøve en tår av deres kostelige vine, de haver bragt med sig fra byen."

Drifta av koparverket
Kva avkasting gav så gruvedrifta. Mest ingenting. I dei åra kongen åtte gruvene, frå 1708 til 1732, vart det produsert 680 skippund kopar, som gjev eit årssnitt på ca. 30 skippund. Det var det dårlegaste av samtlege koparverk i Noreg. Tek vi med kjøpesummen, kom dei offentlege tilskota opp i kring 110 000 dalar desse 24 åra. Drifta hadde såleis gått med dundrande underskot, og i 1734 vart drifta innstilt. Eit nytt selskap tok opp drift av gruvene i perioden 1756-1762, med nye 13 000 dalar i tap. Så var det slutt med kopareventyret i Årdal, og eignelutene vart selde på auksjon.

(Teikning © Riksarkivet)
Koparverket sette varige spor
Koparverksdrifta påverka Årdals-samfunnet på mange område. Store skogsområde vart nedhogne. I bygda vart det bygt opp eit lite gruvesamfunn, ikkje mindre enn 70 koparverkshus, med store og små, vart bygde på fjellet, i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Eitt står att i dag. Fyrste helvta av 1700-talet var koparverket det store samtaleemnet i bygda. Verket førte til kontakt mellom eit isolert bygdesamfunn og utanomverda. Impulsane var mange, både positive og negative. Mange kom til bygda, mange drog derifrå, også årdøler. I eit manntal i Kongsberg finn vi på 1730-talet mange årdøler med arbeid i sølvgruvene. Mange innflytte gifte seg i Årdal, og fleire namnetradisjonar og slekter kan førast attende til gruvetida. Då alt stilna av i slutten av 1760-åra, og gruvearbeidarane var farne, hadde folketalet i bygda auka til over 600, frå kring 440 i 1701.
Les meir:
Fylkesarkivet i sogn.
Kjelde:utdrag fra: Fylkesarkivet/Oddvar Natvik, 2001.


Varden:
Kjent landemerke for turgåarar


Kong Fredrik IV
kjøpte alle rettane og overtok bergverket for
37 631 riksdalar i 1708.

Det var heilårsdrift fra år 1707 til år 1767



Navn på nokre av gruvene

"Blåberg" var den største
"Haabets Grube"
"Prins Frederiks Grube"
"Guds Nåde"
"Guds Godleik"
"Guds Vilje"
"Kongens Gruve"

Transport til Koparverket Koparverket hadde eigne føringsbåtar for m.a. trekol over Årdalsvatnet. Det var romslege robåtar med opptil 5 årepar. I tillegg hadde verket ei mengd mindre båtar:
postbåt og tre vengebåtar for personskyss.

Vengebåt: Båt med kahytt eller dekk over bakskuta
Verket bygde også veg frå smeltehytta og opp den brattaste lia til kopargruvene i Blåberg. Ein kan ein enno sjå merke etter tømmervegen fra Ofredal og til gruvene.

Proviant, setteved og utstyr vart frakta i ryggsekkar eller med hestekløv opp til gruvene 1500 m.o.h. Malmtransporten gjekk med slede om vinteren. Verket hadde opptil 27 malmsledar. Kongen eigde gruva, og malmkøyring var pliktarbeid for bønder i indre Sogn


Gruvebyen på Farnes
Arbeidarar og funksjonærar budde for det meste i usle jordhytter som stod på bygsla grunn frå Farnesgardane



Kva er "kulturvern", "kulturarv", "kulturminne"?

Kulturvern tyder å ta vare på spor etter menneskeleg verksemd i nær og fjern fortid. Slike bevarte spor blir med ei samlenemning kalla kulturarven.

Kulturarven kan vere av materiell art (gjenstandar, bygningar, fartøy, kulturlandskap etc.) eller immateriell art (t.d. tradisjonar, sed og skikk, innhaldet i eit dokument m.m.m.).

Nemninga kulturminne blir i offisiell samanheng (i lovverk og forvaltning) reservert for den materielle delen av kulturarven. Det har direkte samanheng med følgjande definisjon i Lov om kulturminner:

"Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø [vår utheving], herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til."

Kulturminne frå tida før 1537, som er automatisk freda etter kulturminnelova, blir også kalla fornminne, jf. til dømes Fornminneregisteret.

Dei ulike arbeidsfelta innan kulturvernet kan systematisk oppstillast slik:
Vil du veta meir? les meir på:
Lokalhistorie